Kort om oss

I 2024 blei Sunnmøre MC Service og BestBike slått saman under samme navn, BestBike AS.

Då hadde Sunnmøre MC Service med Espen Vik Dahle (bildet) i spissen, allereie eksistert i Myravegen 9 i Volda sidan året 2020.

Kort tid etter kom dele- og køyretøyforhandlaren BestBike inn under samme tak, etablert av Bjørn Egil Strand.

Det gjekk ikkje lange stunda før dei to likesinna motorentusiastane i samråd med styreleiar Kjell Erik Rotevatn, fann ut at dei to verksemdene kunne operere under samme navn – sidan dei allereie var under samme tak.


I Volda blir du møtt av BestBike sin lyse og innbydane butikk. Det er normalt Bjørn Egil du møter her – og han hjelp deg med det meste du måtte lure på. Anten du er på jakt etter ein ny motorsykkel, moped, crossar, mopedbil, vannskuter, hjelm eller køyredress.

Har du service- eller mekaniske utfordringar på ditt køyretøy, er vår teknikar Espen stort sett i nærleiken, og kan gi deg svar på kva som er gale og kva som må til for å reparere eller ta service på ditt køyretøy.

BestBike AS er godkjent av Statens vegvesen som motorsykkel- og mopedverksted.

Godkjent som motorsykkel- og mopedverksted

av Statens Vegvesen